– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Kammermusikk: Kallestad & Oftestad

lau02sep12:00lau13:00Kammermusikk: Kallestad & OftestadHardanger musikkfest

Om arrangementet

Kammermusikk i Lagmannsstova!

Hardanger Musikkfest sitt stjerneskot 2022, fiolinist Hanna Kallestad tek med seg den prislønna cellisten Birgitta Oftestad til Agatunet, og byr på både eigen musikk og favorittar frå kammermusikkrepertoaret. Sigurd Sverdrup Sandmo er vertskap.

Billettpris: Vaksen 300kr/born 100 kr + billettavgift til Ticketco. Billettar kjøpast her.

Om Hanna Kallestad:

Hausten 2022 tok Hanna Kallestad over rolla som konsertmeister i BFUng. Ho byrja å spela fiolin på Bergen kulturskule då ho var 6 år gamal og i dag studerar ho på Norges musikkhøgskole med Henning Kraggerud. Hanna Kallestad har spelt i Bergen Filharmoniske Ungdomsorkester heilt sidan oppstarten i 2015, og saman med gode vener i orkesteret har ho utvikla ein endå større lidenskap for musikk. I tillegg til BFUng har Kallestad blant anna spelt med Ung Filharmoni, Det Norske Kammerorkester, 1B1 og Bergen Unge Kammerorkester. Som solist har ho fått fleire oppdrag på Edvard Grieg Museum Troldhaugen og Ole Bull Lysøen Museum saman med Ole Christian Haagenrud. Hanne Kallestad vart Hardanger Musikkfest sitt Stjerneskot i 2022 og gjestar festivalen for andre gong.

Om Birgitta Oftestad:

Den unge cellisten Birgitta Oftestad studerer for tida ved Norges musikkhøyskole med Torleif Thedéen som hovudlærar. Ho har allereie rokke å vinna heile 18 nasjonale/internasjonale 1. prisar som solist, og i 2021 vart ho yngste vinnar av Oslo Filharmonien sin «Ung Solist konkurranse». I 2018 vann ho NRK sin konkurranse «Virtuos» og dermed også «den norske solistpris». Birgitta Oftestad fekk då representera Noreg i den internasjonale konkurransen «Eurovision Young Musicians» i Edinburgh, der ho kom til finalen. Ho har spelt på ei rekkje festivalar, både som solist og kammermusikar, og i 2019 opna ho Oslo kammermusikkfestival sitt 30-årsjubileum med Bachs cello suite no 4 – 30 år etter Truls Mørk. Ho har hatt eigen recital i Festspillene i Bergen, og vore solist på Frankishe Müsiktage, Alzenau, saman med Diana Adamyan. Arve Tellefsen har omtala ho som eit av dei største talenta han har høyrt. Birgitta Oftestad gjestar Hardanger Musikkfest for fyrste gong.

Båttransport frå Lofthus
Frå Lofthus kan ein ta siderbåten til Aga kl. 11.15, ankomst 11:30.
Vandring opp til Agatunet. Retur med siderbåten kl. 14.10. Ankomst Lofthus 14.25.
Eigen billett til båten kjøpes her. Pris kr 150 t/r Lofthus-Aga.

 

 

 

Tid

(Laurdag) 12:00 - 13:00(GMT+00:00)