– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Maritimt verktøyseminar

ons09des22:39ons22:39Maritimt verktøyseminar

Om arrangementet

Treng du å kvesse verktøyet ditt? På Hardanger fartøyvernsenter vert det maritimt verktøy-seminar med tema «sliping av verktøy» frå 10-12. november 2021.

Kvast verktøy er avgjerande for godt handverk. På årets maritime verktøyseminar vil deltakarane ha fokus på sliping av ulike handverktøy. Deltakarane vil få grundig instruksjon i sliping av øks, sag, kniv, navar, høveltann og stemjarn.

Maritimt verktøy-seminar er eit årleg arrangement, med skiftande tema. Seminaret vender seg til profesjonelle handverkarar som dagleg arbeider med tradisjonelt verktøy og arbeidsprosessar i båt og bygningar. Seminaret har vorte ein viktig møteplass for tradisjonshandverkarar.

Seminaret er støtta av Riksantikvaren.

INSTRUKTØRAR: Trond Oalann, Johannes Fosse, Peter Helland-Hansen, Kasper Krogh Hansen, Ivar Hoflandsdal

PRIS: 3000,- Inkl. alle måltider

MÅLGRUPPE: Tradisjonshandverkarar

TA MED: Verktøy for sliping. Meir info kjem.

STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund

SPØRSMÅL & PÅMELDING: line.larsen@hvm.museum.no / tlf. 479 74 363 innan 21. okt. 2021

Tid

(Onsdag) 22:39 - 22:39(GMT+00:00)