Med «Notchka» til Svalbard – 2 månader på eventyr
tors03mar19:00tors20:00Med «Notchka» til Svalbard – 2 månader på eventyr
Om arrangementet
Torsdag 3. mars kl. 19.00 får me høyre om Ivar Hoflandsdal sin segltur til Svalbard. 26. juni kl. 11.00 i år (2021) begynte sommarens eventyr og ein 30 år gammal draum
Om arrangementet
Torsdag 3. mars kl. 19.00 får me høyre om Ivar Hoflandsdal sin segltur til Svalbard.
26. juni kl. 11.00 i år (2021) begynte sommarens eventyr og ein 30 år gammal draum gjekk i oppfylling. Dei neste 8 vekene drog Ivar og ein gjeng på segltur om bord på båten «Notchka» frå Norheimsund til Svalbard. Ein tur med mange fine opplevingar, nye erfaringar, kjekke folk og naturen heilt tett på.
I foredraget skal me mellom anna høyre om planlegginga av turen, og om alt gjekk som forventa. Fekk dei vind i segla? Og fekk dei sjå isbjørn på Svalbard?
Ivar Hoflandsdal har jobba på Hardanger fartøyvernsenter sidan 2005, og kjøpte for 2 år sidan båten «Notchka», som har vore på ei jordomsegling og no også til Svalbard.
Arrangementet vert gjennomført i tråd med gjeldande retningslinjer for smittevern.
Inngang kr 100,- (i døra)
Open kafé og museumsbutikk
Velkomen til oss!
Tid
(Torsdag) 19:00 - 20:00(GMT+00:00)
Sjå dette arrangementet på Facebook
>>> MELD DI INTERESSEProgram
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum
Ingen arrangement