– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Prøverommet

sun22aug14:00sun17:00PrøverommetPerformance

Om arrangementet

Prøverommet vitjar Kabuso – sundag 22. august kl 14-17 (merk nytt tidspunkt)!

prøverommet bringar saman kunstnarar frå ulike disiplinar som ynskjer å presentera nye arbeid framfor publikum for første gong. Dette arrangementet er elles første gongen prøverommet og Kabuso samarbeidar og på programmet står musikk, performance, forteljing og drag ved desse kunstnarane:
Pedro Riva og Julia Zasteva, Eirik Lillebøe Wiken, Koppen & Jorkjen, Dany Devero og MÅNIN.

Program:
14:00 Pedro Riva & Julia Zasteva (performance, i Ingebrigt Vik-parken)
14:30 Eirik Lillebøe Wiken (forteljing)
15:00 Koppen & Jorkjen (multimedia-førestilling)
15:30 Dany Devero (drag)
16:20 MÅNIN (musikk)

Om kunstnarane og prosjekta:

  • Pedro Riva and Julia Zasteva
    Pedro og Julia presenterer ‘A fruit is becoming ill in sugar’ ein lengre eksperimentell performance som vil føregå i kaféområdet i Kabuso.Julia Zastava held til i Wien og arbeider med teikningar, video, lyd installasjonar og performance.
    Pedro Riva bur og arbeider i Helsinki og er m.a. oppteken av den biopolitiske diskursen. Han har studert filosofi, teater og kunst.
    Zastava har mottatt støtte frå Nordic Culture Point i Finland for dette prosjektet.
  • Eirik Lillebøe Wiken
    Økologisk forteljing.
    Eirik Lillebøe Wiken er skribent and permakultur-entusiast busett i Kvam.
  • Koppen & Jorkjen
    Koppen & Jorkjen presenterar eit work-in-progress som bygger på undersøkingar kring skeiv identitet – og historie og kultur knytt til homo-barar i Noreg.
    Performance-duoen er sett saman av Henrik Koppen og Finn Adrian Jorkjen. Dei arbeidar med ritualistiske performancar, installasjonar m.m. som vert del av deira «queer mythology».
  • Dany Devero
    Dany Devero presenterar ein drag performance med musikk, dans og kostyme.
    Dany Devero er ein lokal drag artist busett i Øystese.
  • MÅNIN
    MÅNIN er Ane Bjerkan (vokal) og indisk harmonium Camilla Hole (saksofon).
    Musikk med ope og undersøkande fokus på lyd i sjangrar som akustisk samtidsmusikk/eksperimentell jazz.

Om prøverommet:
prøverommet er BIT Teatergarasjen sitt autonome sidekick, som rører seg mellom arenaer, galleri og andre stadar i og nær Bergen. Konseptet gjer det mogeleg at nye stemmer, nytt materiale, tankar og idéar kan testast ut i eit uformelt og dynamisk alternativ til dei faste institusjonane i Bergen. Det har eksistert saman med BIT Teatergarasjen sitt sesongprogram sidan 1998, og har alltid søkt etter den siste utviklinga i uøndergrunnen til Bergens kunstscene.

prøverommet 2021 is supported by Bergen Kommune, Kulturrådet and BIT Teatergarasjen.
One of the projects for this event has received additional support from Nordic Culture Point.

#prøverommet
#teatergarasjen

Billettar: 50,- NOK (under)
Inngang i utstillinga kr 50,- med Prøverommet-billett

Billettsal på nett, restbillettar i døra

>>> KJøp

Sjå dette arrangementet på Facebook

>>> Sjekk ut