Solokonsertar med Jonas Laupsa
fre05jul(jul 5)12:15fre26(jul 26)13:45Solokonsertar med Jonas LaupsaMinikonsertar i juli
Om arrangementet
I heile juli får du høve til å oppleva solokonserter med den unge, dyktige felespelaren Jonas Laupsa i Agatunet. Konsertane er inkluderte i billetten og finn stad i Lagmannsstova. Det vert
Om arrangementet
I heile juli får du høve til å oppleva solokonserter med den unge, dyktige felespelaren Jonas Laupsa i Agatunet. Konsertane er inkluderte i billetten og finn stad i Lagmannsstova.
Det vert konsertar:
Fredagar: 12:15 og 13:15
Laurdagar: 12:15 og 13:15
Jonas kjem frå Folkedal i Granvin, byrja å spele fele når han var 7 år gamal. Han gjekk på musikkskulen i Granvin, med Knut Hamre og Johanna Mjeldheim som lærarar, har siden gått på musikklinja på Voss Gymnas og i lære hjå Leif Rygg, Steinar Rygg, Åse Teigland. Han har delteke på Vestlandskappleik, Hordamønstring, landskappleik og ulike kurs rundt i landet. Jonas har fleire gonger vunne klasse C hardingfele på kappleikar. Han har òg delteke aktivt i Hardanger junior- og seniorlag og spelt med dei på kappleikar. Jonas spelar òg på konsertar på Voss og i Hardanger, blandt anna saman med kvedaren Mari Holven, og Vossarebels. Han har motteke Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris i 2017 og Sparebankstiftinga Hardanger sitt kulturstipend.
Jonas Laupsa er ein talentfull og engasjert hardingfeleutøvar som me gler oss over at skal spela hjå oss i sommar!
NB! Jonas spelar og på Hardanger folkemuseum i juli – mandager og tysdagar klokka 12:00, 13:00 og 14:30, samt fredagar og laudagar i juli klokka 14:45 , og på Skredhaugen kvar sundag i juli – klokka 13:15, 14;15 og 15:15.
Program
Arrangementstype
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum
Ingen arrangement