– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Føredrag: Rosemaling

thu04sep18:0019:00Føredrag: RosemalingEn reise blant rosemalere i Hardanger

Arrangement info

Velkomen til føredrag om rosemalarar i Hardanger – torsdag 4. september kl 18!
Bokaktuelle Sverre Sandenes fortel om rosemalarar i vår eigen region.
Denne kvelden vil han ha serleg fokus på Kvam og gjenstandar frå Storeteigen si samling.

I boka En reise blant rosemalere i Hardanger har han laga ei oversikt over rosemålarar som var aktive i Hardanger i perioden 1780 og rundt 100 år framover. Han har reist rundt i Hardanger og registrert og fotografert ei rekkje gjenstandar som er rosemåla i denne perioden, og har identifisert kva bygdekunstnarar som har utført arbeidet. Det vert omtalt rundt 30 bygdekunstnarar som var aktive her, både fastbuande og tilreisande rosemålarar.
Boka inneheld over 400 bilete av gjenstandar rosemåla i Hardanger, òg med eit godt utval frå Kvam.

«Med denne boka av Sverre Strandenes vert me gjort kjendt både med kunstnarane og historiane bak. I eit grundig arbeid får me her greie på stilartar, påverking, historiar og reiseruter til desse, ofte vandrande målarane. Ei bok full av fargerike opplysande bilete teke av forfattaren sjølv. Ei vakker bok som dokumenterer og gjev oss nyttig og inngåande oversikt over denne folkekunsten, men som også vil vera med og auka verdien og forståinga til desse arvestykka inn i framtida» skriv
Guttorm A. Rogdaberg i forordet til boka
Om forfattaren
Sverre Strandenes, født i 1956, har utdanninga frå Universitetet i Bergen med hovedfag i geofysikk. Han har heile sin yrkesaktive karriere jobba i oljebransjen. Ei sterk interesse for bondeantikvitetar og kulturhistorie har tidligare ført til utgjevingane «Snus i snogen, tromf i brogen – en bok om kjenger» i 2020 og oppfølgaren «Snus i snogen, tromf i brogen del II – en bok om hankestaup» i 2023.
Det vert høve til å kjøpa boka etter føredraget
Velkomen! 

Les mer

Tidspunkt

September 4 (Thursday) 6:00pm - 7:00pm(GMT+00:00)

View in my time

Lokasjon

Andre arrangement