Om oss

 

 

Husmannsplassen Storeteigen

Storeteigen var opphavleg ein husmannsplass frå 1820-1905, og dei som budde her hadde pliktarbeid på hovudbruket i bygda – som då var Oddmundsbruket i Øvre Vik.
Frå 1815-75 var folkeauken på heile 60 prosent i Hardanger, og langt frå alle fekk høve til å driva eigen gard. Nokre flytta ut eller utvandra, medan andre fekk ordna seg husmannsplass.
Det første bygget på Storeteigen var ei røykstove – som truleg vart flytta hit frå ein annan stad. Røykstovene utvikla seg frå slutten av mellomalderen og er eit vestnorsk fenomen. Omnen vart murt som ei grue inntil ein vegg – ikkje med skorstein, men med ljore. Omnen var både ei varme- og lyskjelde.
Det var Johannes Johannesson (1837-1915) og kona Herborg Hansdotter (1838-1912) som budde på Storeteigen i starten.

Dei fekk ni born, men berre tre vaks opp. Det var harde krå og ei trong tid.

På museumsplassen ligg ein husmannsplass og ein møbelsverkstad frå tidleg 1800-talet. Desse er bygde på plassen – medan smia, stabburet, og dei to røykstovene er flytta hit frå andre gardar i bygda.

Denne flyttinga føregjekk i perioden 1978-84 og Storeteigen vart opna som besøksstad og museum i 1986.

 

Storeteigen er i dag eigd av Kvam kommune og vert drive av Hardanger og Voss museum.

 


Kontakt

Storeteigen 20, 5610 Øystese
Tlf: 410 08 596
E-post: marijke@kabuso.no


Nyhendebrev

Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Hardanger og Voss museum!


Opningstider

Kontakt oss for inngang i museet
utanom oppsette arrangement

X