– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Torsteinstova

Torsteinstova er ein av bygningane frå Torsteinsbruket i det gamle Øystese-tunet – var opphavleg bygd saman med bu, loft og skytje.
I boka Samanbygde hus i Hordaland omtalar kulturhistorikar Nils Georg Brekke bygningen slik:

Her er det ei røykstove som står i hop med ei bu med loft over. Langs bua er det ei reisverkssval, og i gavlen ei sval i to høgder. Mellom stova og bua er det ein hellelagt gang som fører ut til svala. Røykstova skal vera frå slutten av 1500-talet, men elles er dateringa av dette anlegget usikker.»

Røykstova frå 1700-talet stod i mange år på Stopulshaugen som bygdemuseum (frå 1914), før museet vart flytta til Storeteigen tidleg på 1980-talet.
Her er stove og løe bygde saman og utgjer eit lite småbruk. Det samanbygde anlegget er ein interessant variant:
Under eitt tak har ein samla stove og bu med hellelagt skot og sval.

Foto, øverst: Torsteinstova sommaren 2023, fotografert under jonsokfeiringa dette året

Teikningar,
under: Stova vart målt opp av arkitekt og arkeolog Gerhard Fischer i 1913:

Kjelder:

  • Samanbygde hus i Hordaland. Langhustradisjonar i vestnorsk byggeskikk. Av Nils Georg Brekke
  • Kulturhistorisk vegbok. Red. Nils Georg Brekke